Flatbrød

Flatbrød er ein sunn norsk tradisjonsbakst utan gjær. Det er lange tradisjonar i baking av flatbrød. Ofte har kunsten gått i arv gjennom generasjonar.

Baking av flatbrød har røter fleire århundre attende og kan reknast som den eldste av alle brødslag her i landet. Ein baka opp store mengder for heile året. Flatbrød var ein viktig del av norsk kvardagskost.

På Eikjetunet Lefsebakeri lagar me flatbrød med grove mjølsortar. Den dyktige bakstekjerringa fra gamle tider har blitt erstattet av ei moderne kjevlemaskin, men ellers er det heimelaga flatbrødet vårt ekte handverk med reine naturprodukt. Det kjenner du på smaken!

Bestilling Tel.: 975 40 980
Epost: info@eikjetunet.no
Salgsteder

direkte fra gården

Innhold: grov rugmel og hvetemel, vann, skummetmelk, salt.
Holdbar: i minst ett år