Om Eikjetunet

Eikjetunet er ein gard som ligg i Herand og Hardanger. Garden vert i dag dreve av Ingebjørg og Terje Grøtt. Me har i dag ca 60 vinterfora sauer. I tillegg har me nokre høner, ein katt og kanin for kosen sin del.

Det som gjer tunet vårt unikt er at det er eit tobøla tun som står heilt autentisk slik det vaks fram på 1600 talet. Tobøla vil sei at me har to våningshus, to stabbur, to skykkjer, to løer, eldhus, svineskut og smie. Kor gamle husa er veit ein ikkje, men det eldste våningshuset vart flytta til garden frå Ulvik i 1650.

 

Dei siste åra har me brukt mykje tid på restaureringsarbeid då husa har vore i dårleg forfatning. I dag kan me sjå resultat då fleire av husa no står ferdige. Eit av våningshusa ( Larsahuset) vert leigd ut. I larsaskykkja og Larsastabburet er det aktivitet med lefsebakinga. Det har vore viktig for oss å få " liv "i tunet.